Veksande berekraft i havbruket

Velkomen til Beitveit Holding AS - din pålitelege partner innan oppdrett og havbruk  

Skamik 1.5

Sea Liberty 1 er utstyrt med avlusingsanlegg frå Skamik. Det er seks spylekammer med spyledyser og børstar. Fisken vert pumpa inn på styrbord side, her ved hjelp av to Sea Quest fiskepumper. Vidare fraktar ein fisken forut og akterut gjennom to rør strekk. Her vert fisken fordelt i to avsilarar og spreidd i seks ulike fordelingar før han går vidare til spylekammer.

Spylekammera er bygde i rustfritt stål og oppbygde med børstar under, kammer for fisk og børstar på topp. Kammeret der fisken oppheld seg er sveisa skånsamt utan ru overflater, slik at fisken ikkje tek skade under behandling.

Spyling og børstar kan ein justere sjølv alt etter ynskja spyletrykk og børste-hastigheit. Børstane er berre ei hjelp for å få fisken gjennom systemet, medan spylinga er sjølve behandlingsmetoden.

Sjølve prosessen tek 15 sekund, og fisken er då gjennom avsilingskammer, spylekammer, børstekammer og etterspylingskammer. Etterpå vert han sendt vidare til ei renne som har konstant vassfornying og hjelp han ut i merda på babord side. All lakselus vert samla opp gjennom eit filtersystem og vert destruert. 

Kontakt oss

Beitveit Holding AS

Hamna 5, 6087 Kvamsøy

(+47) 950 29 631